» Samfunnet » Ordliste

Ordliste

ordliste_illustrasjon

Samfunnskunnskap: Fag i skolen som handlar om samfunnet

Samfunn: Ei gruppe menneske som høyrer saman på ein eller annan måte. Det finst mange samfunn, store og små.

Samhald: Støtte og hjelpe kvarandre

Reglar: Påbod eller forskrifter som ein skal følgje for at det skal vere orden

Normer: Uskrevne reglar. Reglar som ikkje er skrevne ned.

Kultur: Ordet kjem frå latin og betyr ”å dyrke”, dvs. noko som menneske har skapt, og kan omfatte alt frå jordbruk til kunst, industri og samfunnssystem.

Tradisjon: Noko som har vore vanleg i lang tid, skikk og bruk

Religion: Ei tru, ofte på ein eller fleire gudar

Lover: Reglar som er skreve ned.

Grunnlov: Nedskrevne reglar for Noreg

Straffeloven: Nedskrevne reglar for straffbare handlingar som tjuveri, hærverk og valdsbruk

Vegtrafikkloven: Nedskrevne reglar for trafikken.

Opplæringsloven: Nedskrevne reglar for alle skolane i Norge

Skoleregler: Reglar for den einskilde skolen

Nettvettreglar: Reglar for korleis du skal oppføre deg på Internett.