» Landskapet » Landskapet vert forma

Landskapet vert forma

Då isen smelta og tyngden frå den enorme breen forsvann, heva landet seg sakte. Samstundes kom og fuglane og menneska. Dei første menneska brukte reiskapar av stein, og dei budde ofte heilt nede i sjøkanten. Steinaldermenneska levde av fiske og jakt.

formes1

To bilde tekne med 100 års mellomrom. Kva for endringar har skjedd med landskapet?

Skog
I byrjinga var landskapet heilt nakent. Men etter kvart som tida gjekk, voks det fram plantar og tre der røtene fekk feste. Skogen voks innover i landet. Det første treet som voks fram, var bjørk. Deretter kom furu og andre tresortar. Etter den kalde istida kom det ein varmeperiode for ca 4-5000 år sidan. Då voks det faktisk tre høgt opp på fjella. Til og med på Hardangervidda, som nå berre har busker og mark, var det store furuskogar. Skogen i Norge kan delast inn i to hovudgrupper; lauvskog og barskog.

Det er mest lauvskog langs kysten, medan barskogen veks særlig på Austlandet og i Trøndelag. Dei høge fjella i Noreg har hindra grana å spre seg naturleg til Vestlandet. Grantrea på Vestlandet er opphavleg planta.

Fjell
200
Noreg er kjent for dei store fjella sine. Nokre av dei har bratte og skarpe toppar, andre fjell har meir runde toppar. Nedbør, vind og frost har slipt fjelltoppane etter istida. Di høgare opp på fjellet du kjem, di mindre plantar og tre blir det. Området der trea sluttar å vekse, kallar vi tregrensa. Den kan du sjå som ei skarp line på avstand. Det er kaldt og mykje vind på toppen av fjellet, så der er det berre dei minste plantane som klarer å finne ly og vekse.

Fjord
201
Den store breen under istida gravde ut fjordane i Noreg. Den lengste fjorden heiter Sognefjorden. Den er faktisk den lengste åpne fjorden i verda!

 

 

Kyst
202
Noreg har veldig lang kystline. Heile 279 kommunar i vårt langstrakte land ligg ved kysten. Tidevatnet gjer at kysten heile tida endrar seg. Vannstanden vekslar mellom flo og fjære to gonger i døgnet. Inn mot norskekysten kjem ein kraftig havstraum frå sørlige havområde. Denne straumen er varm og vert kalla Golfstraumen. Det er på grunn av denne havstraumen at vi kan drive jordbruk så langt nord. Utan Golfstraumen ville kysten vore dekt av tjukk is om vinteren.

Kulturlandskap
203
Landskapet forandrar seg heile tida, av ver og vind, og av oss menneske. Vi byggjer hus og vegar, vi dyrkar korn og grønnsaker, og vi let husdyra våre gå på beite. Landskap der menneska har sete sine spor, kallar vi kulturlandskap. Der det før var skog, er det kanskje eit bustads nå, og der det tidlegare var åker og eng, er det dukka opp ein by. Men dersom menneska sluttar å drive jordbruk, vil naturen ta attende landskapet. Det kan vi sjå på stader der det ikkje bur folk lenger. Store område gror att. Mange er opptekne av korleis vi best mogleg kan ta vare på naturen.

Vær og vind
204
Du har nå lært korleis ulike landskap har vokse fram, og korleis menneska og har påverka utviklingea. Sjølv om det korkje er istid eller særleg rørsle i jordskorpa under Noreg, skjer det stadige endringar av landskapet. Det er klimaet med vatn, regn, snø, vind, frost og varme som held fram prosessen med å forme landskapet vårt.

  • Fjelltoppar blir slipt ned.
  • Elvane grev seg nedover, og tek med seg jord og fjellgrunn.
  • Frost og is sprengjer laus fjell og stein.

Disse endringana tek veldig lang tid, ja, så lang tid at vi ikkje kan merke det. Men når millionar av år er gått, er endringane enorme.

Det kan og skje endringar på nokre augneblink, mellom anna i kraftige stormar. Døme på dette kan vere ras. Vi har ras av både leire, stein og snø (Illustr.). Ein flaum etter store nedbørsmengder eller rask snøsmelting, er og eit døme på øyeblikkeleg endring (Illustr.).

VISSTE DU?

  • Den lågaste temperaturen som er målt i Noreg, er – 51,4 grader (Karasjokk i 1886)!
  • Den høgaste temperaturen som er målt i Noreg, er 35,6 grader (Nesbyen i 1970)!
  • Det tek fleire hundre år før naturen er som den var etter eit stort ras.

Tidevann