» Dei store elverika » Det gamle Egypt

Det gamle Egypt

Det gamle Egypt og Nilen

Det meste av landet i det gamle Egypt var dekka av ørken.

Nilen renner ut i havet

Nilen renn ut i havet

Utan elva Nilen ville det ikkje vore mgleg for menneska å bu der. Nilen er den lengste elva i verda, og går gjennom fleire land. Den er på sitt breiaste gjennom Egypt der den renn ut i Middelhavet.

Som i Mesopotamia var elva og her viktig for jordbruk og overleving. I Egypt kom floaumen til faste tider på året.  Kvart år frå juli til oktober var det flaumtid. Sidan egyptarane visste når flaumen kom, kunne de førebu seg ved å setje opp ekstra vollar rundt byane og åkrane og ved å tøme demningane sine. Flaumane var ikkje så store som i Mesopotamia.

 

 

batbyggere

Egyptiske båtbyggjarar

 

Svært mange egyptarar var bønder. Dei dyrka mat, hadde husdyr, gjekk på jakt og fiska. Nokre var og handverkarar, som til dømesl murarar, bakarar, båtbyggjarar og smedar.

 

 

 

Hieroglyf

Hieroglyfar skrive på papyrus

På åkrane dyrka bøndene lin, som kvinnene vevde tøy av. Langs elvebreidda samla familiane ein spesiell type siv, som heiter papyrus. Av dette sivet laga dei mellom anna sandalar, båtar og papir. Ordet papir kjem frå dette sivet.

Egyptarane utvikla eit skriftsystem som vert kalla hieroglyfar. Medan folket i Mesopotamia skreiv på leirplater, skreiv egyptarane på papyrus.

 

 

Farao

Statue av farao

Statue av farao

I Egypt var kongen mektig. Han budde i eit stort flott hus, eit palass, og hovudoppgava hans var å passe på at folket hadde det bra. Egyptarane trudde at han var son av gud, og derfor våga dei ikkje å seie navnet hans. Dei kalla han farao, som betyr «stort hus». Å vere farao gjekk i arv fra far til son. Innbyggjarane måtte betale skatt til farao. Dei betalte ikkje skatt med pengar, slik som vi gjer i dag, men faraoen fikk ein del av alt som blei dyrka og laga i landet. Faraoen bygde demningar, vatningskanalar og tempel. Folket måtte hjelpe til.

 

Pyramidene

En mumie i kisten sin

Ein mumie i kista si

Egypt er verdskjent for dei store pyramidane, som var gravstader for nokre av kongane i landet. Egyptarane trudde på eit liv etter døden, derfor var det viktig at kongane var begravd godt. Dei fekk med seg mykje gull, mat, klær og våpen som dei kunne bruke i sitt neste liv. For å ta vare på dei døde kroppane pakka ein lika inn i bandasjestrimlar og laga mumiar.

Først vart den døde vaska på ein spesiell måte, så vart hjernen og innvollane, bortsett frå hjerta, teke ut og lagt i egine krukker. Kroppen blei smurt inn med ulike salvar og oljer. Deretter blei heile kroppen surra inn i lange bandasjeremser. Til slutt blei mumien lagt i ei spesiell kiste med bilde av den døde utanpå.

 

 

Kheopspyramiden

Kheopspyramiden

Fleire faraoar, og nokre svært rike menn, blei begravd i eigne pyramidar. Det vart byggd nesten femti pyramidar i Egypt. Den største heiter Kheopspyramiden og er oppkalla etter kongen som var begravd der; kong Kheops (regjerte frå omlag 2589 til 2566 f. Kr.).

Denne pyramiden ligg i ørkenen i Giza, eit område rett utafor dagens hovudstad Kairo. I Kongane sin dal, som ligg ved byen Luxor, er det også funne kongegraver og mumiar

Arkeologer åpner kisten til Tuthankamon

Arkeologar åpnar kista til Tuthankamon


 

 

 

 

 

VISSTE DU?

  • at 96% av Egypt faktisk er ørken.
  • at Nilen er 6500 km lang.
  • at pyramidane i Egypt vert rekna som eit av verdas sju underverk! (kan du finne ut kva dei andre seks var?)
  • at Cheopspyramiden er 137 meter høg, og den er sett saman av 2 ½ millioner steinblokker.
  • at pyramidespissen var av gull.
  • at andre kjende pyramidar finst i Mexico og Peru.
  • at mange røvarar har ståle skattar fra pyramidane opp igjennom tidene

 

 

 

Pyramidene

Abu Simbel