» Landsdelane » Svalbard

Svalbard

Nord for Fastlands-Noreg, på veg mot Nordpolen, ligg ei stor øygruppe som heiter Svalbard. Denne øygruppa høyrer ikkje med til nokre av landsdelane, men er likevel ein viktig del av Noreg.

isbjorn2

 

Svalbard ligg lenger nord enn Nordkapp. Som i landsdelen Nord-Noreg har Svalbard både midnattssol og mørketid.

Den største øya heiter Spitsbergen. Her bur det ca. 2700 menneske. Dei fleste bur i Longyearbyen, som er den største staden på Svalbard. Her er det både hotell, flyplass, skolar, butikkar, kino og kyrkje.

isbjornXPå Svalbard er det mykje flott natur. Det er ganske kaldt, og sjølv om sommaren er berre den øverste delen av jorda fri for frost. Det finst ikkje tr, men mange fine og spesielle blomar som ikjke finst andre stader. Det er mange dyre- og fuglesortar her. Isbjørnen er nok den mest spesielle, men også den farlegaste. Dersom ein skal vere ute i naturen, må ein alltid ha med seg gevær. Fleire og fleire turistar ønskjer å vitje Svalbard. Sidan naturen er så spesiell her, driv ein mykje forsking. Det er viktig at vi tek vare på naturen på Svalbard.

Den viktigaste næringa er gruvedrift, der ein grev ut kol.

 

Svalbard

Dyreliv

longyearbyen