» Samfunnet » Lover

Lover

Reglar som er skrivne ned

loverbil00 (1)Vi har sjølvsagt og mange reglar som er skrivne ned. Dei viktigaste av desse reglane kallar vi lover, og lovene må alle følgje. Ein kan bli straffa for å ikkje følge lovene.

Sjå på desse bilda. Kva for reglar må ein følgje for at dette ikkje skal skje?

Vegtrafikkloven fortel korleis reglane skal vere i trafikken. Desse reglane gjeld ikkje berre for dei som køyrer bil, men og for syklistar og fotgjengarar. Kva er reglane for fotgjengarar og syklistar? Studér bildet under og finn ut på kva side fotgjengarar og syklistar skal vere.

stortingetxx

Grunnloven er den viktigaste loven vi har i Noreg. Her er det mange reglar for korleis det skal vere her. Grunnloven er frå 1814. Det var annarleis i Noreg da enn det er nå. Samfunnet vårt har endra seg og gjer det heile tida, derfor må og nokre av desse lovene endrast. Det er Stortinget som gjer denne jobben

.

skoleeldre2xx

Opplæringsloven er reglar for skolane i Noreg. Den seier mellom anna at alle barn har rett og plikt til å gå på skolen. Da loven kom i 1889, var det mest for å hindre at familiar heldt barn sine heime for å jobbe.  Det var viktig at alle barn fekk gå på skole.

 

Lovene vert endra i takt med at samfunnet utviklar seg.  I gamle dagar var ein kanskje mest oppteken av at alle barn skulle få skolegang. I dag er ein og oppteken av at elevane trivest på skolen, og dette er kome inn i loven. Kapittel 9a i opplæringsloven handlar om elevane sitt skolemiljø. Her står det mellom anna at alle barn har rett til å gå på skolen utan å bli utestengt, mobba, diskriminert eller utsett for vald.

I tillegg til opplæringsloven har kvar skole sine reglar. Kan du reglane for din skole?
Her er ordensreglar frå Nygård skole i Bergen

tyvxx

Ein annen lov er straffeloven. Denne loven gjeld straffbare handlingar som tjuveri, hærverk og valdsbruk.

”Den som øver Vold mod en andens Person eller på anden Maade fornærmer ham på Legeme (Kropp), eller som medvirker hertil, straffes med Bøder eller Fengsel indtil 6 maaneder”

Denne loven blei skriven i 1902, og derfor er det gamal skrivemåte.

 

 

 Korleis blir reglar og lover til?

elever (1)Vi har allereie snakka om klassereglar. Korleis laga de desse reglane? Hadde de diskusjon i klassen eller i klasseråd for å kome fram til reglane? Var det berre enkelt? Var gutane alltid einige med jentene? Fikk alle det slik dei ville? Måtte nokon gi seg? Blei det mange reglar? Heng reglane på veggen i klasserommet dykkar som eit synlig bevis?

Slik som de laga klassereglane, blir eigenleg dei fleste reglar til; ei gruppe menneske sit saman, diskuterer og arbeider. Det er ikkje alltid lett å bli samde, for vi menneske er så ulike. Nokre gonger kan vi meine og tru heilt ulikt om same ting, og vi kan synest det er vanskelig å forstå! Det kan vere fleire grunnar til dette; ulik kultur, tradisjon, religion eller bustad. Men alle må gi seg nokre gonger, for så å få noko anna att. Det blir viktig å samarbeide. Til slutt blir gruppa samd om nokre reglar som må gjelde, og desse blir skrivne ned. Nokre reglar og lover tek det lang tid å lage.

Nettsamfunn og nettvett

internett3 (1)Har du konto på Facebook, Habbo eller Moviestarplanet? Då er du ein del av eit eller fleire nettsamfunn.

På Internett kan du spele, lese, lære nye ting, dele bilde og snakke med venene dine. Du kan til og med snakke med nokon i heilt andre deler av verda. Det er ganske sprøtt!

Det er reglar for korleis vi skal oppføre oss når vi er på Internett, og. Du har kanskje lært desse reglane på skolen, dei vert kalla nettvett eller nettvettreglar.

På Internett kan vi snakke med menneske vi ikkje kjenner, og då er det viktig å vite at ikkje alle alltid fortel sanninga om seg sjølv. Du kan ikkje vite hejlt sikkert kven du snakkar med, så du må vere forsiktig.

Du kan lese meir om dette her:  http://www.dubestemmer.no/

VISSTE DU?

  • Noreg si grunnlov blei vedteke på Eidsvoll 17. mai 1814. Det er derfor nasjonaldagen i Norge vert feira 17.mai.
  • I 2014 er Grunnloven 200 år gamal.
  • Norges Grunnlov har 112 paragrafar (reglar).
  • Straffeloven har over 400 lover.