» Gamle Hellas

Gamle Hellas

.

Perioden som varte frå år 700 f.Kr. til rundt år 500 e.Kr. vert kalla antikken, og starta i Hellas. Svært mykje av det som skjedde i den perioden, er framleis viktig g for oss som bur i Europa.

hellaskart

Hellas i antikken var ikkje slik Hellas er nå. Då var fastland og øyar delte inn i mange ulike bystatar, og kvar bystat hadde sine eigne lover og eige styre. Nokre statar hadde eigen konge, medan andre blei styrt av mektige familiar eller krigarar. Dei ulike bystatane var ofte i krig med kvarandre.

Men menneska der hadde nokre ting sams likevel: dei snakka same språk – gresk, og dei trudde på dei same gudane. Dei meinte at alle som ikkje snakka gresk, berre sa «bar-bar-bar» (som vi seier «bla-bla-bla»), og derfor blei ikke-greske kalla barbarar.

 

.

Gamle Hellas

Antikkens Hellas

Antikkens historie

Romerriket og Hellas