» Dei store elverika

Dei store elverika

Egypt og Mesopotamia

I dette kapitlet skal du lære om:

  • Elvane Eufrat og Tigris
  • Livet i Mesopotamia
  • Oppfinningar og skriftsystem
  • Elva Nilen og livet i det gamle Egypt
  • Farao, pyramidar og mumiar

Sjå godt på kartet og bruk forstørringsglaset til å finne elvane Nilen, Eufrat og Tigris!

Du ser at desse elvane på ein måte ligg i ”botnen av Middelhavet”, mellom Afrika, Asia og Europa. I dag kallar vi dette området for Midtausten.

For omlag 4-7000 år sidan var det mange menneske som busette seg i områder langs fleire av dei  største elvane i verda, særleg langs elvemunningane. Elvane ga dyrkbar jord, og det var også mykje fisk i dei. Det vaks fram store byar, med god organisering av handel, skule og militærvesen.

Du skal nå få lære meir om to av desse områda: Mesopotamia og Egypt. Følg godt med, så vil du kanskje finne både likskapar og skilnader mellom dei.