Folding: Bergartar som opphavleg var flate vert bølgete og bøygd.
Jordskjelv: Jorda ristar og bakken slår sprekker.
Vulkan: Ein stad der det går hol på jordskorpa og det flyt ut glødande masse eller blæs ut gass frå jordas indre.
Istid: Ein periode i jordas historie då store deler av jordas landområder var dekt av tjukk is.
Isbre: Ismasse danna av snø som ikkje smeltar om sommaren.
U-dal: Ein dal som har ein U-form. Dalen er gravd ut av isen i istida. Den er flat i botnen og har slake dalsider.
V-dal: Ein dal som har ein V-form. Dalen er gravd ut av ei elv.
Morene: Haugar med grus og sand som ligg att etter ein isbre.
Flyttblokk: Steinblokker som er transportert langt vekk frå der die opphavleg høyrde heime. Mest brukt om store steinar som vart transportert av isbreene og vart liggjande att då isen smelta.
Skuringsstriper: Striper i fjell og stein som er laga av isen.
Klima: Veret på ein stad i ein lenger periode.
Lauvskog: Tre med flate og tynne blad. Tre som bjørk,
Barskog: Tre med barnåler. Dei vanlegaste i Noreg er furu og gran.
Nedbør: Regn og yr, hagl og snø.
Tregrense: Grensa øverst mot høgfjellet. Over denne grensa kan ikkje tre vekse naturleg.
Kystline/kysten: Den delen av landjorda som grensar mot havet.
Tidevatn: Veksling mellom flo og fjære.
Flo: Høgvatn
Fjære: Lågvatn
Kulturlandskap: Landskap der menneske har sett sine spor.
Tsunami: Store havbølgjer framkalla ved undersjøiske jordskjelv eller skred, eller vulkanutbrot og skred frå land.
- Kystlinje
- U-dal
- U-dal