Velkomen!

matte_illustrasjon

Dei fem temaene vi har plukka ut for deg i matematikk er:

Geometri
I denne teksten kan du lære om geometriske figurar. Du kan lære meir om kva eigenskapar dei ulike figurane har.

Tal og mål
Har tala alltid sett slik ut som dei gjer?
Kva er skilnaden på tal og siffer?
Har du tenkt over at 0 er eit heilt spesielt siffer?
Veti du at sifra har ulik verdi etter kvar i talet dei er plasserte?
Korleis brukar vi desimaltall når vi måler?
Dette er nokre av dei spørsmåla som du kan lære om når du arbeider med denne teksten.

Addisjon og subtraksjon
Er du god i hovudrekning?
Reknar du annarleis når du reknar i hovudet enn når du reknar på papiret?
Når er det lurt å bruke lommereknar?
Når skal du leggje saman tal og når skal du trekkje frå?
I denne teksten kan du lære om ulike måtar å arbeide med addisjon og subtraksjon.

Multiplikasjon og divisjon
I denne teksten kan du lære meir om å bruke multiplikasjon og divisjon i praktiske samanhengar.
Teksten viser deg døme på korleis du kan tenkje og rekne. Gjennom oppgåvene får du øvd deg i multiplikasjonstabellen, og du kan lære om metodar du kan bruke til å multiplisere og dividere med fleirsifra tal.

Statistikk og tid
I denne teksten kan du lære om statistikk. Du kan lære noko om korleis du kan samle inn opplysningar / data og kva du kan gjere for å ordne desse dataene. Du kan også lære om nokre måtar å vise fram desse dataene slik at dei fortel deg og andre meir enn om du berre samla dei inn.
Du kan og lære om tid og tidseiningar.

Dette er ei oppskrift for korleis du best jobbar deg gjennom dei fem temaene.

1. Finn det temaet du skal ha.
2. Når du jobbar med temaet skal du lese teksten, sjå på illustrasjonane og gjere dei oppgåvene som dukker opp nederst på sida.
3. Du vil raskt sjå at kvart tema er delt inn i fleire mindre emne. Du vel i «rullegardina».
4. Du er ikkje ferdig med eti tema før alle tekstane er lest, og oppgåvene gjort. Bruk tekstane for å finne svar dersom oppgåvene er vanskelege.
5. Nokre ord er nye og viktige – og kanskje ukjente for deg.  I ordlista kjem forklaringar på kva desse orda betyr.

I rullegardina er det eit emne som heiter Lærarressursar. Der er det berre informasjon til læraren din, så den treng ikkje du å bry deg om.
Då står det berre att å ønskje deg lukke til i arbeidet!