» Gamle Hellas » Kultur, kunst og idrett

Kultur, kunst og idrett

.

Tidlegare har du lært at dei fleste grekarae hadde slavar til å ta seg av det meste av arbeidet i hushaldninga. Dette gav den frie befolkningen god tid til å drive med andre ting, som t.d. å holde store festar for dei ulike gudane. Årleg vart det laga ein stor fest til ære for vinguden Dionysos, med både song, dans og skodespel. Skodespela handla ofte om gudar og heltar som publikum kjende frå før.

På teater kunne publikum hyle av latter eller bli så triste at tårene trilla. Grekarae var opptekne av at ein skulle kunne leve seg inn i sørgjelege historier, men at ein og skulle ha latter og glede.

I teateret brukte man ulike masker for å vise følelser. Kan du se hva disse skal forestille?

I teateret brukte einulike masker for å vise kjensler ClipArt

Triste skodespel handlar gjerne om døden, ulykker og hevn, og desse vart kalla tragediar. Stykker som gjorde narr av menneske og gudar, så publikum fekk seg ein god latter, vart kalla komediar.

Kvinner hadde ikkje lov til å vere skodespelarar, så alle rollene blei spela av menn med masker.

Grekarae var ogs svært opptekne av kunst og arkitektur. Bildehoggarar laga store statuer av gudar og idrettsmenn, arkitektar og håndverkarar bygde store, flotte tempel og pottemakaar laga dei finaste krukker og vaser og måla dei med bilde av gudar og menneske. Dei finaste statuane og templa vart laga i kvit marmor og måla i sterke fargar.

Dei olympiske leikane

Diskoskaster

Olympisk diskokastar Wiki Commons

Grekarane meinte at både kroppen og tankane trengte trening, så derfor var idrett ein viktig del av utdanninga av frie gutar og menn. Dei var glade i å konkurrere, og hadde konkurransar i song, dans, kunst og idrett. Dei fleste bystatane hadde idrettsanlegg der mennene kunne trene. Kvart 4.år møttest veltrente idrettsmenn, atletar, frå heile den greske verda i Olympia. Her gjekk føre seg den største idrettskonkurransen til ære for guden Zevs, dei olympiske leikane.

Det var berre frie, greske mannlege utøvarar som fekk delta, og ingen bystatar fikk vere i krig medan leikane varte. Det ble kjempa i mange ulike greiner, mellom anna femkamp; spydkast, lengdehopp, løp, diskos og bryting, og kappkøyring med hest, boksing og ulike andre løp.

Idrettsmennene var nakne, og innsmurt i oljer, når dei konkurrerte. Oljen var for å sjå finare ut, og for å bli meir vanskeleg å få tak på i ein brytekamp. Dei som skulle bokse, surra lærreimer rundt hendene for at slaga skulle gjere meir skade, og dei som hoppa lengde hadde vekter i hendene for å hoppe lengst mulig.

vase1

Greske løparar avbilda på ein vase Wiki Commons

Førstepremien i Olympia var den største æra ein idrettsmann kunne få. Vinnaren fekk ein krans av olivenkvistar til å ha på hovudet. Når han kom heim til bystaten sin, vart han teken imot som ein helt, og det blei stor fest. Diktarar laga songer om sigeren, og det vart sett opp statuar av han på torget. I tillegg fikk han ofte gratis mat i byens rådhus – resten av livet!

laurDet er usikkert når dei første olympiske leikana vart arrangert, men den første lista over vinnarar er frå 776.f.Kr. Dei vart heldne kvart 4.år heilt til ein romersk keisar, Theodosius I, la ned forbod mot leikane i 394.e.Kr. Etter det vart det ikkje arrangert olympiske leikar att før i 1896, då deltakarar frå mange land møttest på eit nytt stadion i Athen.

VISSTE DU?

  • Dei fem ringane i det olympiske flagget står for dei fem verdensdelene
  • Alle land i verda har minst ein av dei olympiske fargane i flagget sitt
  • OL-elden framleis vert tent på gamalt vis i Olympia
  • Nå har vi både sommar- og vinterolympiadar
  • Det har vore vinter-OL i Noreg to gonger; i Oslo i 1952 og på Lillehammer i 1994400 lover.

 

OL i Hellas

OL i Hellas

Gresk teater