» Samfunnet » Små og store samfunn

Små og store samfunn

Mange samfunn

 

På skolen har du faget samfunnsfag, men har du tenkt på kva ordet samfunn eigenleg betyr?

Ordet samfunn vert brukt i mange samanhengar. Kanskje du har høyrt nokre av desse orda; samfunnshus, verdssamfunnet, lokalsamfunnet, skolesamfunn og nettsamfunn?

Søk forklaringar på ordet i eit leksikon eller på nettet.

Klikk på Google eller Wikipedia. Skriv «samfunn» i søkefeltet.

207
Det aller største samfunnet vi har, må vere verdssamfunnet. For alle menneske bur i same verd, og vi høyrer derfor saman. På same måte har alle som bur i ein verdsdel noko felles, og kvart enkelt land har eit fellesskap: For oss blir Europa eit samfunn, og landet vårt Noreg, blir eit anna samfunn. Desse kan vi kalle
storsamfunn.

Innanfor Noreg att er det enda fleire samfunn; landsdelen, fylket, kommunen, byen eller bygda. Dette er døme på lokalsamfunn.

tokyovoss

Når samfunnet blir mindre, har vi ofte meir felles og høyrer dermed tettare saman. Vi bur i nærleiken av kvarandre, snakkar ganske likt, heiar på den same fotballklubben, går på den same skolen osv.

Men det stoppar ikkje her. Sjølv skolen du går på er eit samfunn. Klassen din er og det. Til og med fotballklubben du spelar i og familien din, er samfunn. Vi kallar disse for småsamfunn.

familieetc

Dette betyr at alle er med i eit samfunn. Og dei aller fleste er med i mange samfunn samstundes!

 

Kva er viktig i eit samfunn?

For å forstå dette betre, skal vi sjå på eit lite samfunn. Ta klassen du går i: Kva er viktig i klassen for at ting skal fungere og det ikkje skal bli kaos? Må det ikkje vere nokre reglar? Må ein ikkje ta omsyn tilkvarandre? Tenk dersom alle kunne gjere akkurat det dei ville, akkurat når dei ville? Det ville bli som å spele eit spel utan ein einaste regel! Hadde det gått bra?

I eit samfunn ønskjer vi at det skal vere samhald og at alle skal ha det bra og kjenne seg trygge. I alle samfunn må det derfor vere visse reglar, lover og normer som skal følgjast. De har nok sikkert eigne reglar i klassen, klassereglar eller trivselsreglar. Nokre reglar er skreve ned medan andre er uskrevne reglar som du har lært frå du var liten.

Skole 100 år sidan

Norge 1930-talet