» Landskapet » Isen

Isen

I Noreg har vi mange høge fjell, djupe dalar og lange fjordar. Men korleis har dei blitt til? Vi må reise langt attende i tid for å finne ut av dette.

isenHovedmedgutt2

For mange tusen år sidan var store deler av Noreg og Norden dekka av store isbrear. Periodar då isen dekkjer det meste av landet, kallar vi istider.

Isen pressa landet kraftig ned. I tillegg rørte isen seg hele tida, og dette forma og slipte landskapet. Isen jevna ut fjellvidder, gravde ut dalar og laga striper og former i fjellet.

Den siste store isbreen som låg over Noreg, smelta for ca. 10 000 år sidan. Isen var opptil 3000 meter tjukk

Da isen smeltet, heva landet seg fordi tyngda frå isen forsvann.

Først lå mykje av landet under vatn på grunn av all isen som smelta, men etter kvart tørka det opp. Mange av stadene vi bur nå, har faktisk i ein periode vore havbotn!

Isbreane vi har i dag, er ikkje restar frå istida. Breane våre har kome seinare i kalde periodar og veks og minkar i takt med klimaet.

Vi kan finne mange spor etter breen. Når breen veks, riv den laus steinar og skuvar stein og grus framfor seg. Slike spor etter breen kallar vi morener. Disse morenene kan vi finne som haugar eller ryggar i landskapet

Breen kan også ta med seg store steinblokker og skuve dei langt av gårde. Desse steinane kallar vi flyttblokker. Kanskje du har sett store steinar som ligg på merkelege stader i naturen? Korleis har desse kome hit? Dette er kanskje flyttblokker.

Vi kan og ofte sjå striper i fjellet. Dette er spor etter steinar som isen har drege med seg, eller som var frosne fast i isen. Når isen rører på seg, ripa desse steinane opp fjellet. Desse stripene kallar vi skuringsstriper.

Dersom du vil vite meir om istid og isbrear, kan du vitje bremuseet i Fjærland.

Visste du?

  • Bjørka var den første tresorten som kom etter istida.
  • Jostedalsbreen er den største isbreen i Noreg.
  • I Noreg har vi ca. 2000 brear!
  • Breane i Noreg er mindre enn dei har vore på fleire hundre år.
  • Den raskast målte rørsla til ein bre i Noreg er Svartisen med 1,75 m pr. døgn. På Grønland er det målt opp til 30 m. pr. døgn!
  • Når isfjell losnar frå isbrear, sier vi at breen kalvar.
  • Dei største flyttblokkene kan vege over 100 tonn.

 

Tidevann

Fjorder

Snøskred

Jordskred

Jordskred

Hardangervidda

Villsau

Asbjørn på skutholmen