» Gamle Hellas » Møt gudane

Møt gudane

Mange gudar

Det gamle tempelet Parthenon

Tempelet Parthenon i Athen vart bygd på ei høgde i Athen og var viegd byens eiga gudinne Athene Wiki Commons

I dei fleste religionane i dagens samfunn, trur folk på ein gud. Grekarane, derimot, trudde på fleire gudar. Dei fleste hovudgudane budde i himmelen, men det var og gudar som budde i holer, på fjell og i elvar og fossar. Gudane var udødelege, men elles var dei ganske like menneska. Dei vart forelska og sjalu, dei krangla og sloss, og dei kunne få barn – med andre gudar eller til og med – med menneska.

Gudane kunne bli veldig sinte, og det var dei som bestemte kva som skulle skje med menneska. Derfor var det lurt å vere vener med gudane. Menneska ofra frukt, korn og dyr til gudane, og nokre bygde store tempel til ære for dei.

zevsxxxxGrekarane trodde at dei viktigaste gudane budde på eit fjell som heitte Olympos, og den største og mektigaste guden var Zevs. Han herska over alle andre gudar og menneske, og var herre over himmel og torden. Når han vart sint, sende han lyn og torden over himmelen. Zevs var far eller bror til dei andre gudane. Han var gift med Hera, som var gudinne for ekteskapet.

 

athenexxxxAthene, barn av Zevs, var Athens beskyttar og gudinne for krig, vitskap og jordbruk. Ho blei født ut av Zevs si panne, og var da allereie vaksen og iført full rustning. Ho ga råd til andre gudar i krig. Athenarane meinte at ho hadde planta det første oliventreet i byen, og bursdagen hennar blei feira kvart år med ein stor fest.

 

afroditaxxAfrodite var gudinne for kjærleik, fruktbarheit og skjønleik. Afrodite var gift, men forelska seg ofte i andre, både gudar og menn. Mytene fortel at ho blei født av bølgeskummet på havet.

 

 

poseidonxxxxPoseidon var herskar over havet. Han kunne lage sterke stormar og jordskjelv når han var sint, men han kunne og få bølgjene til å leggje seg. Poseidon var broren til Zevs.

 

 

apollonxxxxApollon var ung og vakker. Han var gud for sang, musikk og dikting. I tillegg hadde han evner til å gjere folk både sjuke og friske.

 

 

artemisxxxxArtemis, tvillingsøstera til Apollon, heldt til i naturen og var gudinne for jakt og ville dyr. Ho gjekk forsiktig rundt i skogen, med pil og boge og jakthundar.

 

 

hadesxxHades var konge over dødsriket, og han hadde palasset sitt i underverda. Der hadde han ein hund med tre hovud, som vakta porten. Ingen skulle sleppe ut derifrå.

 

 

medusaxxMedusa var eit skrekkelig uhyre med slangar som hår. Alle som såg henne inn i auga, blei forvandla til stein. Det var helten Herakles som til slutt tok knekken på henne.

 

 

 

 

Medusa

Poseidon angriper