» Dei store elverika » Mesopotamia

Mesopotamia

Mesopotamia med Eufrat og Tigris

meso

Løve laga av murstein på bymuren i Babylon

Elvane Eufrat og Tigris ligg i dag i landa Tyrkia, Irak og Syria. For 6000 år sidan heitte store delar av desse områda berre Mesopotamia, som betyr «landet mellom elvane».

mesop1I dette området har klimaet alltid vore varmt og godt, men og veldig tørt.  Likevel er det frå dette området  mykje av frukta som vi har i butikkene våre kjem. Området er altså svært fruktbart. Korleis kan det vere så tørt, og samstundes så fruktbart?

Som du sikkert har gjetta, er elvane forklaringa. Utan dei store elvane hadde området hatt mykje meir ørken, og dermed ville nesten ingenting vakse der. Både Eufrat og Tigris kjem frå høge fjell, og dei vart oversvømt når snøen smelta i høgda. Vatnet flomma over breddane, og når vatnet minska låg fruktbart slam att på jordene. Dette slammet inneheldt god og næringsrik jord.

Folket i Mesopotamia var smarte og utvika mange gode teknikkar og reiskaper for å utnytte vatnet på best mogleg måte. Med alt vatnet kunne dei gjere jorda fruktbar og dyrke nesten det dei ville. I tillegg var det mykje fisk i elvane.

 

kveite200

Kveite

Dei første bøndene
Folket som budde i Mesopotamia var dei første jordbrukarane. Først oppdaga dei kornet. Dei fann nokre viltvaksande plantar som hadde mange frø. Dette viste seg å vere kveitekorn! Ved å pløye, vatne og gjødsle jorda oppdaga dei at jorda vart veldig fruktbar. Dette førte til at dei kunne hauste korn fleire gonger i løpet av eit år. . Då fikk dei meir enn nok mat, og dei kunne til og med samle og lagre. Til å hjelpe seg med arbeidet, brukte dei dyr som okse og hest. Dei var dei første som begynte med husdyr. 

Ziggurat

Ziggurat

Det var mykje å leve av i området, noko som førte til at mange valde å flytte dit, og vi fekk dei første byane i verda. Sjølv om dette var for mange tusen år sidan, var byane godt organisert. Fantastiske byggverk vart reist. Mesopotamia er kjent for sine zigguratar. Dei hadde også skular og militærvesen, og folk hadde fleire ulike yrke. Samfunna her var kome mykje lenger enn andre samfunn på den same tida. Nokre kallar dette det første kulturfolket.

 

 

Kongen på vogn

Kongen i vogna si

Oppfinningar
Heilt sør i Mesopotamia låg landet Sumer. Sumerarane gjorde fleire viktige oppfinningar. Matematikk og geometri stammar frå dei. Dei laga eit talsystem med 60 som grunntal. Vi brukar faktisk noko av det i dag. Ein time har 60 minutt og eit minutt har 60 sekund. Sirkelen deler vi inn i 360 grader.  

Dei fann og opp hjulet og plogen. I tillegg sette dei kjøl på båtane sine, så dei ikkje velta så lett, og begynte å bruke segl, så dei ikkje trong ro heile tida.

 

Kileskrift

Kileskrift

Mellom 3500 og 3000 f. Kr. utvikla dei eit skriftsystem som vert kalla kileskrift. Først var kileskrifta ei bildeskrift. Den vart etter kvart forenkla, og bilde blei erstatta med teikn. Sumerarane skreiv på leirtavler og i stein. Skrivekunsten spreidde seg austover og vestover til blant anna Egypt.

 

 

 

 

Sumerisk konge

Sumerisk konge

Byar
Sumerarane bygde flotte byar. Den største byen i Sumer heitte Uruk. Byen Ur var ein viktig handelsby, med tilknyting til havet.  Kvar by var ofte ein eigen stat med eigen konge. Kongane hadde mykje makt, då dei også var religiøse leiarar. I byane budde kongen, tenarane hans, prestane og handverkarar.

Det var ofte murar rundt heile byen for å verne den mot fiendar. Bøndene som budde i områda rundt byen måtte betale skatt til kongen i form av korn, kjøt, fisk og grønsaker. Sumerarane brukte ikkje pengar for å skaffe seg varer. Dei byta til seg varer som dei trong. Kjøpmenn segla til utlandet og byta til seg kopar og gull.  Handverkarane byta til seg mat mot varer som keramikk, smykke og klær og ulike bruksting.

 

solgud2

Solguden og kaosmonsteret

Tilgang på vatn var viktig for jordbruket. Dei bygde kanalar frå elvane heilt inn til byane.  Slik fekk dei vatn, og samstundes kunne båtar segle heilt inn til sentrum. Dei laga og demningar og diker for å halde på vatnet. Byane og landsbyane vart dessverre ofte ramma av flaum, som kom utan forvarsel og øydela mykje på veg ut mot havet. Folket trudde det var gudane som straffa dei, og gjorde alt for å blidgjere gudane ved å ofre og gje gåver i templa..

 

VISSTE DU?

  • at ordet geometri eigenleg betyr «jord-måling»
  • at det eldste verdskartet blei laga i Mesopotamia.
  • at astronomi – læra om planetar og stjerner – stammar frå Mesopotamia
  • at byen Uruk hadde 50 000 innbyggjarar allereie i år 3000 f.Kr.
  • at menneska nå for første gong i historien hadde tid til å gjere andre ting enn å skaffe seg mat.

 

Mesopotamia