
Akershus festning
Drammen og Sarpsborg er og store byar på Austlandet.
Dei høgaste fjella [Galdhøpiggen] i Noreg, og fleire store fjellområde og nasjonalparkar finst her.
Det er fem store, breie dalar på Austlandet. I fleire av desse dalane, er det svært gode jordbruksområde. Her dyrkar ein mykje korn, men og poteter og grønsaker. Austlandet har også dei største elvane [Glomma] og innsjøane [Mjøsa]. Nokre stader på Austlandet er ekstra utsette for flaum om våren.
På Austlandet finst nesten halvparten av all skog i Noreg, og mykje av skogen er bartre.
Viktige næringar i denne landsdelen er industri og handel. I tillegg er det store jordbruksområde der det vert dyrka mellom anna korn og grønsaker.
På Austlandet er det som oftast varme somrar og kalde vintrar.
VISSTE DU?
* Austlandet har 8 fylke: Austfold, Hedmark, Oppland, Buskerud, Vestfold, Telemark, Akershus, Oslo.
* I Oslo ligg slottet og Stortinget.
* Det høgaste fjellet i Noreg heiter Galdhøgpiggen og er 2469 m.o.h.
* Den aller største nasjonalparken i Noreg heiter Jotunheimen.
* Mjøsa er den største innsjøen i Noreg.
* Glomma er den lengste elva i Noreg.
* Tønsberg blei grunnlagt i 871 og er eldste byen i Noreg.
* Kongsberg har sølvgruver.
* Lillehammer hadde vinter-OL i 1994.
* Ein populær stad for unge og gamle er Tusenfryd fornøyelsespark.
- Stortinget
- Stortinget
- Slottet
- Tusenfryd
- Vigelandsparken
- Vigelandsparken
- Opera
- Akershus
- Nationaltheateret
- Frognersetra
- Akerselva
- Vinter
- Vinter-OL
- Gårder
- Sagbruk
- Papirmølle
- Vannhjul
- Papirfabrikk
- Fabrikkanlegg
- Sølvgruver
- Mjøsa
- Stabbur
- Gudbrandsdalen
- Gudbrandsdalen
- Glomma
- Glomma
- Jotunheimen
- Besseggen
- Flom
- Flom
- Flom