» Dei store elverika » Ordliste

Ordliste

ordliste_illustrasjon

Kultur: ordet kjem frå latin og betyr ”å dyrke”, dvs. noko som menneske har skapt. Kultur kan omfate alt frå jordbruk til kunst, industri og samfunnssystem.

Samfunn: Ei gruppe menneske som høyrer saman på ein eller annan måte

Mesopotamia: Området mellom Tigris og Eufrat

Tigris: Elv i Mesopotamia

Eufrat: Elv i Mesopotamia

Sumerarane: Folket som budde i Sumer i Mesopotamia

Egypt: Landet rundt utløpet av Nilen

Nilen: Verdas lengste elv

Flaum: Større oversvømjing, som ofte gjer store skadar

Kanal: Elv som menneska har laga

Diker/ vollar: Jord og sand som er gravd opp i ein haug for å halde vatnet attende.

Demning: Eit stengsel (med ein mur eller liknande) som gjer at vatn samlar seg opp.

Slam: Leire og sand som vert ført med elvane

Farao: Konge og gud i Egypt

Pyramide: Eit byggverk i pyramideform. Faraoar brukte pyramidar som gravkammer.

Gravkammer: Eit rom inne i pyramiden der den døde låg.

Kileskrift: Det første skriftspråket i Mesopotamia.

Mumie: Døde menneske- eller dyrekroppar som er godt bevart.

Hieroglyfar: Navnet på bildeskrifta til dei gamle egyptarane.

Papyrus: Navnet på papiret som egyptarane brukte. Det blei laga av ein spesiell sivplante som vaks i Egypt

Sfinxen: Eit kjent byggverk framfor dei store pyramidane i Giza. Eit menneskehovud med løvekropp.

Arkeolog: Eit yrke som forskar på korleis menneske før oss levde.