» Gamle Hellas » Livet i bystatane

Livet i bystatane

.

Grekarane bygde opp byane sine med ei stor borg på toppen av eit fjell, og sjølve byen nedanfor. Rundt husa, verkstadene og forretningane vart det bygd høge steinmurar, som vern mot fiendar dersom det vart krig. Alle byar hadde eit torg, som vart kalla agora, der folk møttest for å snakke saman og å handle. Rådhuset låg også der, og det var vanleg at frie menn gjekk dit for å diskutere viktige saker. Byane hadde ofte ein idrettsplass og eit friluftsteater i utkanten. Grekarane meinte at ein sunn kropp var like viktig som det å arbeide og å gå på skolen.

hellastorg

På torget i Athen c Mauricio

Halvparten av innbyggjarane i byane var slavar. Dei fleste var krigsfangar, som vart selde og kjøpt saman med korn, husdyr og andre varer. Slavane jobba på jordene, i gruver og steinbrot og bygde hus. Nokre slavar var også lærarar og lækjarar. Kvinner som var gift med frie menn, var for det meste heime. Dei hadde ansvar for oppdraginga av barna, og å ofre til husgudane.

Slavinner laga mat, vaska og rydda for dei. Mannen i huset gjorde alle innkjøpa. Han drog tidleg om morgonen og kom ikkje att før seint på kveld. Då hadde han handla, snakka med andre menn, kanskje dreve idrett og vore på jakt. Dersom han hadde gjester med heim, måtte kona i huset halde seg unna, medan gjestene blei underheldt av slavinner som dansa og song.

UTESKOLE

Ein uteskole i Athen Wiki Commons

Det var berre gutar som fekk gå på skole. Dei byrja når dei var seks år, og var ferdige som femtenåringar. Jentene måtte vere heime og lære om husstell og barneoppdraging. Dei fleste jenter blei gifta bort når dei var omlag femten år gamle.

Athen

Mennene i Athen bruka mykje tid på å diskutere og bestemme korleis bystaten skulle drivast og styrast. Dei som fekk seie meininga si, var frie menn som hadde vakse opp i byen. Kvar niande dag var det folkeforsamling. Folkeforsamlinga laga lover, bestemte skatt og tok viktige avgjerder. Mange tusen møtte opp for å vere med i diskusjonane. Ein regel var at møta ikkje kunne starte før 6000 medlemmer hadde kome. Mennene stemte for og imot saker ved å rekkje opp handa. Athenarane kalla dette demokrati, sjølv om kvinner, slavar og innflyttarar ikkje fekk vere med å bestemme.

perikles

Den store folketalaren Perikles snakkar til borgarane i Athen Wiki Commons

Dei som skulle leie viktige oppgåver i byen, blei valde ved hjelp av loddtrekning. Dei bruka og loddtrekning for å bestemme dommarane til rettsaker og idrettskonkurransar. Ein gong i året stemte athenarane over om nokon skulle sendast ut av byen. Folk som var komne i unåde, og var uønskte, kunne risikere å måtte forlate byen i opptil ti år.

Sparta

Athen var ofte i krig med Sparta, som blei rekna som ein krigarstat. Mennene var gode krigarar, fordi det var det dei var trent opp til å vere. Frå gutane var sju til 30 år, budde dei i militærleirar. Der var det hard trening og streng disiplin. Dei fekk for lite mat og hadde dårlig klær. Den beste måten å overleve på, var å lære seg å stele. Spartanarane meinte at gutane vart betre krigarar dersom dei hadde det fælt. Militærtenesta heldt fram til ein vart 60 år, for dei som levde så lenge.

spartaner00

Gamal statue av spartanar og ei moderne utgåve Wiki Commons

Krigarane frå Sparta hadde langt hår og raude kapper, derfor var det lett å kjenne att desse berykta krigarane. Dersom soldatane ikkje kunne vinne eit slag, måtte dei kjempe til alle var døde. Ein fekk ikkje lov å reise heim frå eit slag utan å ha vunne det.

Kvinnene i Sparta hadde litt meir fridom enn kvinner i andre bystatar, fordi mennene var mykje borte frå familiane. Det var viktig at jenter og kvinner var godt trente, og hadde ein sunn kropp, slik at dei kunne føde sunne barn. Gutar var mest ønskt, og det hende at jentebabyar blei sette ut i skogen. Desse blei mange gonger henta av andre, som gjorde jentene til slavar.

Det var en gang et menneske