» Gamle Hellas » Filosofane

Filosofane

.

I Hellas var det nokre menn som lika godt å tenkje og å stille spørsmål. Dei vart kalla filosofar. Ein filosof er «ein som elskar visdom». Filosofane undra seg over mange spørsmål som andre folk ikkje tenkte så mykje på, t.d.: «Korleis vart verda til?», «Kvirfor blir nokon sjuke?», «Korleis skal vi menneske vere mot kvarandre?» og «Kva er meininga med livet?»

Ein av dei viktigaste og mest kjende filosofane i Athen, var Sokrates (469- 399 f.Kr.).

Han gjekk rundt på torget i Athen og snakka med folk. Han var gjerne barbeint og hadde fillete klær. Sokrates ønskte at folk skulle tenkje sjølv, og ikkje berre høyre på kva andre meinte og bestemte. Derfor stilte han folk mange spørsmål i staden for å sei rett ut kva han sjølv meinte. Mange gonger endte det med at motstandaren til slutt sa imot seg sjølv, og dumma seg ut. Sokrates sjølv lot som om han ikkje visste noko. Det var mange som likte Sokrates for klokskapen hans, spesielt unge menn. Samstundes fekk han og mange fiendar. Han vart skulda for å ha spotta gudane, og ha leia ungdommen på villspor. Då Sokrates var 70 år blei han fengsla og dømt til døden. Han måtte drikke eit beger med gift.

Sokrates får giftbegeret

Gamalt maleri som viser Sokrates får giftbegeret Wiki Commons

Sokrates skreiv ingen bøker sjølv, men han hadde mange elevar. Den mest kjente er Platon (427-347 f.Kr.), som starta ein filosofiskole i Athen etter at Sokrates døde. Denne skolen kalla han Akademiet, og det vert rekna som verdas første universitet.

ari1

Aristoteles

Platon skreiv 34 dialogar, og Sokrates var ofte ein av partane i desse. Platon lærte elevane å diskutere, og han var oppteken av at sjela og tankane var viktigare enn kroppen og det vi kan oppleve med sansane.

Sokrates, Platon og Aristoteles vert rekna som dei største filosofane i den vestlige verda, men og den greske lækjaren Hippokrates (460-377 f.Kr.) er verdt å nevne. Han fann ut så mykje nytt om sjukdommar at han vert kalla «medisinens far».

hippo1

Hippokrates

På den tida trudde ein at folk blei sjuke fordi gudar og trollfolk ville straffe dei. Hippokrates meinte derimot at sjukdommane hadde naturlege årsaker, som t.d. at den sjuke hadde ete dårleg mat, eller blitt veldig kald. Det var viktig for Hippokrates at dei som var sjuke, blei granska av lækjarar som kunne sjå etter spesielle teikn på kroppen. Den sjuke skulle stellast av vennlege menneske, ta det med ro, ha det reint rundt seg og berre få medisinar som lækjarane visste hadde gjort andre friske.

Sokrates’ liv

Litt om Sokrates