Denne steinmassen rører på seg, og då vil platene i jordskorpa støyte på kvarandre og gli frå kvarandre. I område som ligg nær grensa mellom to plater, kan ein merke at platene rører på seg. Rørslene til jordskorpeplatene kan lage både jordskjelv og vulkanutbrot
På fleire av desse stadene ligg det og vulkanar. Opp frå vulkanane kjem det smelta stein, lava og gassar frå det indre av jordkloden.
I Noreg har vi berre sjeldan jordskjelv, og dei vi har er ganske svake. Grunnen til dette er at Noreg ligg langt inne på ei av jordplatene, og dermed merkar vi lite til rørslene mellom platene.
Visste du?
- Ca. 75% av alle jordskjelv oppstår i Stillehavsområdet.
- Etter eit jordskjelv eller eit vulkanutbrot kan det oppstå ein tsunami.
- I 2011 døydde ca. 10 000 menneske i Japan etter eit jordskjelv.
- Når det skjer eit jordskjelv, høyrest ein sterk dur, grunnen dirrar, bølgjer seg og kan sprekke.
- Vi måler styrken på jordskjelv etter Richters skala, som målar energimengda.
- Det kraftigaste jordskjelvet i verda vart målt til 9,1 på Richters skala.
- Namnet vulkan kjem frå den romerske guden Vulcanus.
- Det finst ca. 600 aktive vulkanar på land, pluss mange på havbotnen.
- Den eineste aktive vulkanen i Noreg er på Jan Mayen.
- Jordas største aktive vulkan finst på Hawaii.
- Når det skjer eit vulkanutbrot, kan lava strøyme ut med ein fart på 100 km/t.
- I april 2010 var det eit stort vulkanutbrot på Island. Flytrafikken i store delar av Europa vart lamma av askeskyer.
- Jordskjelv
- San Francisco
- Vulcanus
- Jan Mayen
- Mauna Loa
- Tsunami
- Jordskjelv i Japan
- Jorden
- Island
- Lava
- Pompei