» Landskapet

Landskapet

I dette kapitlet skal du lære om:

* jordskorpa
* jordskjelv
* vulkaner
* isbrear og istid
* ulike landskap
* endringar i landskapet

tittelbildeland

Noreg har mange typar landskap. Det er fjellandskap, skogslandskap og kulturlandskap for å nevne nokre.

Korleis ser det ut der du bur?

Er det høge fjell?
Er det flatt?
Bur du i ein dal?
Er det mykje skog?
Bur du ved fjorden, eller bur du langs kysten?
Bur du i ein by, eller bur du på ein liten stad?

Kanskje har du høyrt at landskapet ikkje alltid har sett ut som det gjer i dag? I dette kapitlet skal du lære meir om kvifor landskapet ser ut som det gjer, og korleis det stadig endrar seg.

VISSTE DU?

  • Noreg er på det lengste 1752 km i luftline (frå sørligaste til nordligaste punkt).
  • Noreg er faktisk Europas åttande største land i utstrekning.
  • Det går ei fjellkjede gjennom heile Noreg i nord-sør retning.