» Landsdelane » Nord-Noreg

Nord-Noreg

Nord-Noreg er den aller største og lengste landsdelen i Noreg. Likevel er det her det bur færrast folk. I Nord-Noreg finn vi også den smalaste delen av Noreg, som berre er 6 km breid.

tromsobrumdgutt3

Wiki Commons

Langs kysten kan det vere ganske verhardt. I nokre område er fjella spisse og taggete. Heilt i nord ligg den store Finnmarksvidda.

midnatt

Midnattsol over Nordkapp

Noko som er heilt spesielt i Nord- Noreg, er at det er lyst heile døgeret om sommaren. Det blir aldri mørkt! Det er fordi sola ikkje går ned under horisonten. Dette vert kalla midnattssol. Om vinteren ser vi lite til sola og dagslyset. Da er det mørketid.

Sjølv om landsdelen ligg langt mot nord, er det mildt langs kysten. Dette skulast Golfstraumen i havet utanfor. I innlandet derimot, spesielt i Finnmark, er det ofte veldig kaldt om vinteren.

Fiske er ei viktig næring for landsdelen. Fiske gir mange menneske arbeid. Lofoten er den mest kjente staden for fiskeri.

Reindrift har alltid vore ei viktig næring for samane i nord.

Den dag i dag er Finnmarksvidda eit viktig beiteområde for reinen.

VISSTE DU?

* Nord-Noreg har 3 fylke: Nordland, Troms, Finnmark.

* Nord-Noreg har 9 av dei 10 største øyane i landet.

* Hinnøya er den største øya i Noreg.

* Tromsø er størst byen i Nord-Noreg.

* Nordkapp er nordlegaste punktet i Noreg.

* Hammerfest vert av mange rekna for å vere verdens nordlegaste by.

* I Nord-Noreg finn vi dei eldste spora etter menneske i Noreg.

* Svartisen er nest største isbreen i Noreg.

* I Karasjok er det målt 51 kuldegrader, og dette er kulderekord i Noreg.

* Nord-Noreg grensar mot Russland (Grense Jakobselv).

Nordlys

Reindrift

Oppdrag Nord-Norge

Havet koker

Finnmark