
Lade
Også klimaet er svært ulikt frå stad til stad. Langs kysten er det mykje regn, og der er det ganske mildt både sommar og vinter. I innlandet er det varme somrar og kalde vintrar.
Trondheim, som ligg ved Trondheimsfjorden, er Noregs tredje største by.
Landsdelen er viktig i Noregs historie fordi mektige landshøvdingar og kongar budde der i vikingtida.
Dei viktigaste næringane i Midt-Noreg er tømmer, fiske, husdyrhald, og dyrking av poteter og korn.
VISSTE DU?
* Midt-Noreg har to fylke: Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag
* Midt-Noreg vert også kalla Trøndelag.
* Nidarosdomen er største kyrkja i Noreg. Her er også grava til Olav den Heilage.
* Etter det store vikingslaget på Stiklestad i 1030 vart kristendommen innført i Noreg.
* Røros er ein kjent gammal gruvestad der dei vann ut kopar
- Lade
- Nidarosdomen
- Trondheim
- Gårdsbygninger
- Røros.
- Røros.
- Slaget på Stiklestad
- Stiklestadspelet.
- Jordbruk
- Kyr
- Skogsdrift.
- Tømmerfløting.