I sør er det mykje flate landbruksområde, men der er og område med fjell. I nord er det mange høge, spisse fjell og djupe fjordar. Men i vest finn vi kysten som kan ha tøffe vertilhøve. Og i aust er det store fjellområde.
Bergen, som er den nest størst byen i Noreg, ligg ved kysten. Bergen har alltid vore ein viktig handelsby. På Bryggen står det framleis mange gamle bygningar frå ein tidlegare handelsperiode.
Vinden frå havet i vest fører til at det er meir nedbør i denne landsdelen enn i resten av Noreg.
Fiske, jordbruk, olje, elektrisk kraft, industri og turisme er viktige ressursar og næringar.
VISSTE DU?
* Vestlandet har fire fylke: Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal
* Rogaland har den største jordbruksproduksjonen av alle fylkene i Noreg.
* Stavanger er kjent som oljebyen, og er den fjerde største byen i Noreg.
* Den største isbreen i Noreg heiter Jostedalsbreen.
* Du kan stå på ski om sommaren på Strynefjellet!
* Den lengste fjorden i Noreg heiter Sognefjorden, og er ca. 20 mil.
* Hornindalsvatnet er Europas djupaste innsjø med 514 m.
* Romsdalen og Sunnmøre har mange høge og spisse fjell.
* Hardangervidda er Europas største fjellvidde.
* Bergensbanen går over høgfjellet og bind Vestlandet saman med Austlandet
- Skipsbygging
- Katamaraner
- Fjelldal
- Bryggen i Bergen
- Bryggen i Bergen
- Isbre
- Isbre
- Bretur
- Kraftstasjon
- Kraftlinjer
- Fiskeoppdrett
- Oljeplattform
- Oljeplattform
- Oljeanlegg
- Oljeanlegg
- Kyllingfarm
- Griser
- Fjord
- Preikestolen
- Preikestolen
- Bergen
- Geiter
- Runde
- Sauer
- Gammel støl
- Stavanger
- Stavanger
- Ski om sommeren
- Hardangervidda
- Hardangervidda
- Voss