Velkomen!

samfunnsfag_illustrasjon

Dette er ei oppskrift for korleis du best jobbar deg gjennom dei fem tema vi har plukka ut for deg i samfunnsfag.

1. Finn det temaet du skal ha.

2. Les teksten, sjå på bilda og gjer dei oppgåvene som dukkar opp nederst på sida. I bildearkivet finn du mange ekstra bilde med tekstar som forklarar bildeinnhaldet. Nokre gonger er det små videoar som du og kan sjå på, eller animasjonar.

3. Du vil raskt sjå at kvart tema er delt inn i fleire mindre emne. Du vel i «rullegardina». Start på toppen og jobb deg nedover. Når du er ferdig med eit emne, går du vidare til neste.

4. Du er ikkje ferdig med eit tema før alle tekstane er lest, og oppgåvene gjort. Bruk tekstane for å finne svar dersom oppgåvene er vanskelege.

jente

5. Denne figuren betyr at det kjem faktasetningar som vert kalla Visste du?. (Mange av oppgåvene er knytt til det som står her, så det er like viktig som resten av teksten)

Nokre ord er nye og viktige – og kanskje ukjente for deg.  I ordlista kjem forklaringar på kva desse orda betyr.

I rullegardina er det eit emne som heiter Lærarressursar. Der er det berre informasjon til læraren din, så den treng ikkje du å bry deg om.

Då står det berre att å ønskje deg lukke til i arbeidet!

PS! Hugs å bruke all informasjonen du finn undervegs; filmane, bilda, tekstane og animasjonane.

 

Rettleiing for læraren