» Geometri » Trekantar

Trekantar

Læraren stiller eit nytt spørsmål til elavene:
-Kva for figur er det som har færre kantar enn firkanten?

 

– Det er ein trekant, svarar Andreas.
– Kva med tokant, spør Daniel, finst det?
– Neei, seier Andreas nølande, eg trur ikkje det.
– Det kan de jo tenkje litt på, seier læreren, og smiler.
Ho gir Selma eit papirark , ein blyant og ein linjal.
– Kan du teikne ein trekant? spør ho.
Selma teiknar, og gir så arket til Alan.
– Nå er det din tur, Alan, seier læraren.
– Kan du teikne ein trekant som er ulik den som Selma teikna?
Alan teiknar, men trekanten hans blir ikkje særleg ulik Selma sin.
– Den er spegla i høve til den første, seier Lin.

29– Kan du teikne ien trekant, Maria? spør læreran, og Maria teeiknar ein stor flott trekant.
– Korleis er sidene og vinklane i desse trekantane? Læraren kjem stadig med nye spørsmål.
– Dei to som er spegla har i alle fall ein rett vinkel kvar! Selma er heilt sikker på det.
– Den store som Maria teikna har tre spisse vinklar, seier Alan. Vinklane er ganske like og.

30– Sidene ser ut som dei er like lange og, seier Daniel.
Maria kviskrar til Selma at det var akkurat det ho prøvde å få til.

– Nå er det min tur til å teikne, seier Alan.
– Vent litt, seier læraren.
– Nå skal de få lage trekantar på spikarbrett. Prøv å lage dei så ulike som dere kan.
31

Elevane går i gang med spikarbrett og gummistrikk og lagar mange ulike trekantar.

 

 

– Neste oppgåve kjem her. Læreren avbryt dei. – Prøv om de kan finne nokre likesidete trekantar.

Dette var meir vanskeleg. Alle leitar på spikerbretta sine, men den einaste dei finn er den store trekanten som Maria teikna på arket.
– Går det ikkje an å lage ein trekant med tre like sider på spikarbrett? spør Andreas.
– Eg har laga ein med to like sider og ei side som er litt kortare! avbryt Selma han.
– Det har eg og, svarar Andreas attende.
– Kva heiter slike trekantar? spør Lin.
– Dei heiter likebeinte trekantar, svarar læraren.
– Ja, for det er akkurat som to like lange bein som står på eit golv, seier Lin då.
– Denne trekanten har ein stump vinkel, seier Alan, og peikar på ein lang og smal trekant i det eine hjørnet av spikerbrettet sitt.
– Det finst vel flere ulike trekantar enn vi kan klare å lage eller teikne om vi heldt fram i heile dag! påstår Lin. Dei andre tenkjer litt, og så nikkar dei og er einige.