» Multiplikasjon og divisjon » Multiplikasjon

Multiplikasjon

 

– Men korleis skal vi rekne dette? Her er det ingen vits i å leggje saman og trekkje frå, meiner Alan.

– Vi kan nok få bruk for addisjon og subtraksjon og, meiner læraren, – men først og fremst må vi bruke multiplikasjon og divisjon. Er det nokon som veit korleis vi reknar ut arealet av eit rektangel?

– Eg trur vi må gange den eine sida med den andre, seier Maria.

– Det er rett, seier læreren. Vi multipliserer lengda av den eine sida med lengda av den andre sida. Tenk dykkat vi har ein vegg som er tre meter høg og fire meter lang. Den veggen kan vi dele inn i kvadratmeter. I den nederste rada vil det vere fire kvadratmeter, like mange som det er meter i lengda av sida.

multi01

Vi kan staple tre slike rader med kvadratmeter oppover, like mange som det er meter i høgda på veggen.

Læraren teiknar på tavla medan ho forklarar.

multi02

Her ser de at vi har fire meter multiplisert med tre meter, eller fire kvadratmeter multiplisert med 3. Slik kan vi skrive det, sa læraren, og skreiv på tavla: 4m · 3m =12 m2.

– Ein annan måte å skrive det på er dette: 4 m2 · 3 = 12 m2

Og ho held fram: – Oppgåva dykkar nå, er å rekne ut arealet av veggene i rommet.