» Addisjon og substraksjon » Overslag

Overslag

Dei hugsar at dei har lova læraren å lage eit overslag.

Daniel seier at det er jo ganske lurt, for då ser dei fort om dei har nok pengar. Selma meiner at dei da må starte med å runde av alle prisane. Dei diskuterer litt om dei skal runde av til heile kroner eller til tiarar. Daniel meiner at det blir mest nøyaktig dersom dei runder av til einarar, men lettast å rekne dersom dei runder av til tiarar.

– 11,10 kr er 1 tiar, seier Lin.

– Og 20,90 kr er 2 tiarar seier Alan.

– Det blir billegare å kjøpe 300 gr kjøtdeig i laus vekt enn ei pakke med 400 g, seier Selma som har rekna i hovudet.

Slik held dei fram til lista over avrunda priser ser slik ut:

23

– Dersom vi legg saman alle tala får vi 180 kr, seier Andreas.
– Då trur jeg ikkje vi har nok pengar, seier Lin. Heilt sikker er ho ikkje.
– Kan vi ikkje rekne nøyaktig så vi er heilt sikre? seier Selma.