» Tal og mål » Desimaltall

Desimaltall

Nå går læreren fram til tavlen, finner fram et kritt og tegner en lang linje.
På denne linjen plasserer hun små tverrstreker, og tallene 0, 1, 2, 3 og 4.

Så spør ho: -Finst det noko tal mellom dei tala eg har skrive på tavla?
– Ja, seier Lin, –desimaltal, vel!
– Tre komma fem, seier Daniel.
– Og ein komma tre, seier Maria.
– To og ein halv, seier Alan
– Null komma fem, seier Selma, -det er halvdelen av ein.
– Desimaltal, det er tidelar og sånt, meiner Andreas.
– Kor mange tal finst det mellom 1 og 2, spør læraren litt lurt.
Det kjem mange forslag: 10, 9, 100, 1000. Heile tida svarar læraren at det finst fleire enn det. Det finst nemlig endelaust mange!
– Kva betyr dette talet? spør læraren og skriv 0,75 på tallina.
– Det er null komma syttifem, svarar Maria.
Læraren held fram å spørje: -Kva betyr sifferet 7 her?
– Det betyr at det er 7 tideler, det, svarar Selma.
– Og 5 talet betyr at det er 5 hundredelar! Alan er svært nøgd med seg sjølv fordi han veit det.

– Dersom vi nå går attende til posisjonsarket vårt, kvar er det då plass til desimaltala? Læreren har funne fram att posisjonsarket.
– Tidelane kjem etter einarane og hundredelane etter tidelane, svarar Andreas.
– Det er ti tidelar i ein einar og ti hundredelar i ein tiar, legg Maria til.
– Og så er det hundre hundredelar i ein einar, seier Daniel.
-Og det er viktig å setje komma etter einarane, legg Lin til.

06

– Har de tenkt på at det er dette vi brukar når vi målar lengda og når vi veg? spør læraren. – Det er ti millimeter i ein centimeter, ti centimeter i ein desimeter og ti desimeter i ein meter.

På same måte er det med vekt. Vi har gram, hektogram og kilogram. Vi seier som regel berre kilo istadenfor kilogram. Kilo kjem av eit gresk ord som betyr tusen. Det er tusen gram i eit kilo. Vi kan bruke posisjonsark når vi skal rekne med desse måla.