» Tal og mål » Siffer

Siffer

– Det er skilnad på tal og siffer, seier læraren.
– Veit nokon av dykk kva den skilnaden er?
Elevane svarar ikkje. Dette er dei usikre på.
Læraren skriv på tavla: 1342

01

-Eitt tusen, tre hundre og førti to, les Andreas.
-Det er eit tall, seier læraren, -men kor mange siffer er det?
-Fire siffer, svarar Maria.
-Siffer, er det liksom kor mange tal det er i et tal? lurer Selma på.
-Til dømes ein million, det er sju siffer, meiner Andreas.
Læraren spør vidare: -Kor mange ulike siffer har vi i vårt talsystem?
Elevene tenkjer.

 

02

-Ni, svarar Daniel.
-Nesten rett, svarar læraren.
-Ti! kjem det frå Maria.
-Kva då?
-Det må vere 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9 og …, Lin nøler.
–Det er ikkje 10. Då må det siste vere 0, seier ho.
-Det stemmer, seier læraren.
-Det er dei sifra vi har, og med dei kan vi lage alle moglege tal i verda.
-Endelaust mange, Alan vert draumande i blikket.
–Alle moglege tal, det er mange, det.
Det er ganske spennande at det går an å lage endelaust mange tal av berre ti siffer.