» Statistikk og tid » Innsamling av data

Innsamling av data

 

Då elevane kjem på skulen neste dag finn dei to skjema på veggen der navna deira står, og der det er plass til å fylle inn dei dataene dei har samla. Då alle har fylt inn sine tal ser det slik ut:

tabellA_nn

– Flott arbeid, seier læraren. – Nå er alle dataene dykkar komne inn i to tabellar. Nå må vi sjå kva vi kan gjere vidare. Har nokon forslag?

– Vi kan ordne tala i stigande rekkefølgje, seier Andreas. – Då ser vi kven som brukar lengst og kortast tid, og kven som må invitere til besøk først.

– Kanskje vi kan teikne det opp på ein eller annan måte, foreslår Selma.

– Vi kan rekne om dagane til veker, seier Daniel. – Da får vi lågare tal å rekne med, og det er enklare å forstå.

– Går det an å bruke datamaskin til noko av dette? spør Alan.

– Det gjer det, svarar læraren. Det fine ved datamaskiner er at dei kan gjere slike jobbar for oss mykje fortare enn vi klarar sjølve. Det som er viktig er at vi veit kva vi ber maskinen om å gjere.