Divisjon

 

– Flott arbeid! seier læraren. – Nå må de finne ut kor mange boksar med måling vi treng. Vi treng å måle to strøk, det må de ta med i reknestykket.

– Vi må ha så mange bokszr at vi får måla 60 mto gonger, seier Maria.

– Då veit eg om ein måte å rekne på, seier Daniel. – Vi kan dele 60 på 12 og sjå kva vi får då, for kvar boks har nok maling til 12 m2 av veggen.

Ho skriv på tavla: 60 : 12 = 5.

– Då treng vi 5 boksar, seier Selma.

– Altså må vi ha 10 boksar for å måle to strøk. Andreas reknar raskt.

– Eg veit om ein annan måte å rekne på, seier Lin. -Veggene to gonger, det er 120 m2 som skal målast. Då blir reknestykket slik:

Ho tek overk krittet frå Daniel og skriv 120 : 12  = 10.

– Det reknestykket var enkelt, seier Alan.

– Det er alltid enkelt å rekne når 10 er med i reknestykket, meiner Lin.

– Vi kan og sjå kor mange gonger vi må ta 12 for å få 60. Det blir jo på ein måte det same, meiner Alan.

Læraren bryt inn. – Det er rett det de seier. Det eine blir divisjon, og det andre multiplikasjon. Vi plar seie at dei er motsette rekningsartar.

– 12 ganger 5 er 60 og 60 delt på 12 er 5, seier Maria. – Det er jo ganske lett.

– Og 60 delt på 5 er 12, seier Alan.

– Vi treng altså 10 literboksar med gul maling, seier læraren. – Nå er det slik at det blir billigare å kjøpe maling i treliterboksar. Kva rekningsart må vi bruke for å finne ut kor mange boksar vi då treng?

– Må vi ikkje bruke divisjon? foreslår Selma. – Eg trur vi må rekne ut 10 delt på 3.

– Då får vi 3, seier Andreas ivrig, – og så blir det ein til rest. Det betyr at vi må ha 3 treliterboksar og ein literboks.

Maria bryt  inn: – Vi må ikkje gløyme at vi skal ha ein liter med grønn maling og.

– Høyr her, seier læraren, – nå veit de kor mykje måling vi treng. Oppgåva til i morgon blir å finne ut kva dette kostar.