» Tal og mål » Plassverdi-system

Plassverdi-system

– Det er særleg eitt tall som er veldig spesielt. Kva trur de det er?
Nå er det tid for elevane til å svare att.

31– Det må vere null, meiner Lin.
– Det er rett det, seier læraren.
– Det er bruken av 0 som gjer tallsystemet vårt heilt spesielt. I tillegg til det at vi kan lage alle moglege tal med berre ti ulike siffer.
Læraren finn fram eit papirark og blyant.
– Her har eg eit papirark der det er laga plass til de ulike plassane i tala våre.

Dersom eg set eit to-tall her, der det står tusen, så veit de at det betyr at vi har to tusen. Utan posisjonsarket må eg skrive noko på plassane til hundrarane, tiarane og einarae. Vi veit at det sifferet som står på fjerde plass frå høgre fortel kor mange tusen vi har.

Maria blir ivrig: – Dersom vi har to på hundreplassen og fem på einarplassen må vi skrive at vi har null tiarar, elles blir det jo berre tjuefem, seir ho.

– Vi kan det om einarar, tiere, hundrarar og tusenar, seier Selma.
– Vi har ikkje snakka om milliardar, men det er vel på same måte, seier Andreas.