» Multiplikasjon og divisjon » Viktige ord

Viktige ord

ordliste_illustrasjon

Multiplikasjon – ein av dei fire rekningsartane, motsett rekningsart til divisjon. (eks. 3 · 4 = 12)

Divisjon – ein av dei fire rekningsartane, motsett rekningsart til multiplikasjon (eks. 12 : 3 = 4)

Motsette rekningsartar – rekningsartar som opphevar kvarandre: multiplikasjon og divisjon er motsette (eks. 3 · 4 = 12,  12 : 3 = 4). Addidjon og subtraksjon er motsette (eks. 3 + 4 = 7,  7 – 4 = 3)

Lengde – i denne samanhengen: ei av sidene i eit rektangel

Høgde – i denne samanhengen: den andre av sidene i eit rektangel

Meter: standard lengdeeining

Centimeter:  \(\frac{1}{100}\) meter

 

 

 

Kvadratmeter: arealeining som svarar til arealet av eit kvadrat med sider som er ein meter lange

Areal: flateinnhald

Runde av -til næraste tiar: 1, 2, 3, 4 vert sløyfa. 5, 6, 7, 8, 9 gir ein tiar meir. Døme: 23 ≈ 20, 38 ≈ 40, 54 ≈ 50, 15 ≈ 20

-til næraste heile og halve meter: lengder vert runda av til den heile eller halve meteren som er nærast

Overslag – utrekning der tala vert forenkla slik at ein finn det omtrentlege svaret på ein enkel måte