» Multiplikasjon og divisjon » Måling og overslagsrekning

Måling og overslagsrekning

 

Elevane set i gang. Dei startar med ein diskusjon om kva dei må gjere.

– Vi må måle kor lange veggene er, seier Selma.

– Og kor høge dei er, legg Daniel til.

– Vi må gange lengda og høgda med kvarandre, hugsar Maria.

– Eg trur ikkje vi treng å ta med alle centimeter nå, seier Andreas. – Vi treng eit svar som er omtrent rett, ikkje heilt nøyaktig.

– Eg trur det er lurt å runde av til heile og halve meter, seier Lin. – Det er ikkje nødvendig å vere meir nøyaktig enn det, og det blir lettare å rekne.

– Vi skal vel ikkje måle døra og vindauga, seier Alan.

– Då må vi måle dei og, seier Daniel, – og så trekkje arealet av dei frå arealet av veggene.

Dermed finn dei fram målebånd og set i gang med å måle. Dei arbeider to og to, og får raskt dei måla dei treng. Mest vanskeleg var det å måle høgda av veggen, men læraren går og hentar ei gardintrapp, og så ordnar det seg og.

– Eg synest vi skal teikne opp veggene med målene på, for då synest i alle fall eg at det blir lettare å rekne, seier Alan.

Lin finn eit stort ark, og då dei er ferdige ser resultatet slik ut.multi04

Dei fordeler rekneoppåvene mellom seg.

– Kvar av kortveggane er 15 m2, seier Daniel.

– Og kvar av langveggane er 19,5 m2, seier Selma.

– Døra er 1,8 m2, seier Maria

– Og vindauga er 8 m2 til saman, seier Alan.

– Dersom vi runder av kan vi seie at kvar av langveggane er omlag 20 m2 og døra omlag 2 m2, seier Lin.

– Då blir det arealet vi skal male 70 m2 minus 10 m2, meiner Andreas, – vi skal måle omlag 60 m2.