» Addisjon og substraksjon » Kontrollere

Kontrollere

Nå hentar dei ei handlevogn og fyller oppi det dei har bestemt seg for. I kassa er dei spente. Tenk dersom dei har rekna feil!

handlevogn3

– Dersom vi hadde hatt med oss ein lommereknar kunne vi ha kontrollert svara våre med den, seier Daniel.

– Kassa er like bra som ein lommereknar, meiner Lin. -Dessuten les den tala direkte frå varene og då treng vi ikkje å vere redd for at den som sitt i kassa trykkjer feil.

– Det kan bli feil likevel, seier Selma. -Det kan stå ein annan pris på varen enn den som kassa les.

Då dei skal betale ser dei at prisen blir nøyaktig det dei hadde rekna ut på førehand. Dei var einige om at det var lurt at dei hadde gjort overslag først. På den måten unngjekk dei å ha for lite pengar då dei kom til kassa.

Etter skuletid den dagen møtest dei heime hjå Maria. Dei samarbeider om å lage pizza og dekke bordet. Svoltne og vel fornøgde set dei seg for å ete.