» Geometri » Firkantar

Firkantar

– Sjå dykk rundt i klasserommet, seier læraren. Kva for firkantar kan de sjå?

22

 

– Vindauga er eit rektangel, seier Daniel, og ser spørjande på læraren.
– Det er tavla og, seier Alan.
– Og skjermen på datamaskina, og pulten, og …
Forslaga haglar. Alle har døme på rektanglar i klasserommet.
Til sist seier Lin: – Nesten alt er jo rektanglar!
– Det stemmer det, seier læraren.
– Men er det nokon som kan finne andre firkantar enn rektanglar her inne?
Alle ser seg rundt. Dette var ikkje så lett.

24
– Loket på matboksen min er eit kvadrat, meiner Maria.
Læraren lurer på om ho vet korleis ho kan vere heilt sikker på det.
– Då må eg måle om alle sidene er like lange, srier Maria då. Og det har ho jo rett i

Ho ber Lin om å lage eit kvadrat, og Andreas om å lage eit rektangel.
– Kva er det som er spesielt med kvadratet, i tillegg til at alle sidene er like lange? spør ho.
Nå er det ingen som svarar. Alle tenkjer.
– Eg veit noko, seier Lin, sidene er parallelle, ikkje sant? I alle fall to og to av dei.
– Slik er det med rektangelet og. Det har og to og to parallelle sider, seier Andreas.

– Då er det ein ting til eg vil at de skal finne ut av seier læraren.
– Sjå på desse figurane her.
Ho teiknar to figurar på tavla.

21

27

– Begge desse figurane har to og to sider som er like lange og parallelle, men berre ein av dei er eit rektangel, seier ho.

– Den andre er eit parallellogram, seier Selma.
– Det er rett, seier læraren, men kva er skilnaden på dei?
Det er tydeleg at Alan tenkjer så det knakar.
– Det er noko med hjørna, seier han.
– Nå veit eg det! Parallellogrammet har to spisse vinklar og to stumpe vinklar, medan rektangelet har fire rette vinklar.
– Flott at du klarte å finne dei rette orda! seier læraren.

Ho held fram: – Nå skal de få eit anna ord av meg som eg vil at de skal forklare. Det ordet er omkrins.
– Det er det som er rundt figuren, svarar Selma.
– Vi kan måle kor langt det er rundt.
– Ja, seier Maria, -og i eet kvadrat kan vi måle berre ei side og så multiplisere med fire.