» Geometri » Sirklar

Sirklar

– Nå har vi snakka om firkantar og trekantar. Vi starta med å nevne tre ulike figurar. Hugsar du kva den tredje figuren heiter, Daniel?
Læraren teikna på tavla.

32

– Det er ein runding, kjem det kjapt frå Daniel.

– Det heiter ein sirkel, korrigerer Selma.
– Kva meir enn denne sirkellina er nødvendig for at dette skal vere ein sirkel? Læraren spør vidare.

– Nei, sier Andreas, dersom vi viskar den vekk er det ingen sirkel.

– Vi må ha sentrum, seier Maria. Det er like langt frå sentrum til alle stader på sirkellina.

Daniel flirar litt. Så seier han stille, nesten til seg sjølv: – Det blir som frå Sentrum og ut på landet.
– Vi må bruke passar når vi teiknar sirklar. Det har eg gjort mange gonger, seier Alan.
– Har de leika passar nokon gong, spør læraren.
Alle ler. Går det an å leike passar?

33
– Tenk dykk at vi er ute på skuleplassen. Lin står på same staden heile tida. I handa held ho eit langt tau. Dersom Daniel held i den andre enden av tauet, held det stramt og teiknar på skuleplassen med eit krit etter kvart som han går rundt, då vil han teikne ein sirkel. Lin og Daniel har leika passar.
På ny ler alle. Klart at det går an. Det høyrest ganske gøy ut

– Kva kallar vi denne lina frå sentrum og til sirkellina? spør læraren vidare.

34

– Radius! Daniel og Alan svarar i kor.
– Og dersom vi trekkejr lina gjennom sentrum og heilt over til den andre sida av sirkellina?

– Det er ein diameter.
– Den er dobbelt så lang som radien.
Alle er ivrige etter å vise at dette er noko dei kan.

Til slutt teiknar læraren ei siste line gjennom sirkelen.

35
– Er dette ein diameter? spør ho.
Det høyrest eit samstemt nei frå alle saman.
– Det er ingen diameter, for den går ikkje gjennom sentrum, seier Maria.