» Addisjon og substraksjon » Rekne nøyaktig

Rekne nøyaktig

Dei set opp eit nytt reknestykke.

24Dei passer på at alle einarane er under kvarandre, alle tiarar er under kvarandre, og på same måte tidelar og hundredelar. Det er mykje å passe på når ein reknar med desimaltal!

– Det vi gjer nå heiter addisjon! seier Alan, han er litt stolt over at han veit det.

– Veit du kva det heiter når vi trekkjer frå? spør Andreas.

– Det heiter subtraksjon, svarar Alan kjapt.

Dei legg saman hundredelar først, så tidelar, einarar og til slutt tiarane.

Svaret dei får er 181,90 kr.

– Då må vi betale 182 kr, vi har for lite! seier Alan, -Kva skal vi gjere med det?

– Eg har litt pengar i lomma, seier Andreas. Han leiter og finn 21 kr.

– Eg har 17 kroner, seier Selma.

– 21 kr pluss 17 kr. Då har vi 38 kr ekstra, seier Lin. Ho er kjapp i hovudrekning.

Dei diskuterer korleis dei skal rekne ut om det er nok. Dei blir enige om at det kan dei finne ved å trekkje frå.

– Vi må rekne ut 182 kr minus 150 kr, og sjå om det er mindre enn 38 kr, seier Andreas.

Dei sett opp reknestykket. Også her er dei nøye med å setje sifra rett under kvarandre.

Svaret blir 32 kr, og det er jo klart mindre enn 38 kr.