» Addisjon og substraksjon » Viktige ord

Viktige ord

ordliste_illustrasjon

Runde av -til næraste tiar: 1, 2, 3, 4 vert sløyfa. 5, 6, 7, 8, 9 gir ein tiar meir. Døme: 23 ≈ 20, 38 ≈ 40, 54 ≈ 50, 15 ≈ 20

Overslag – utrekning der tala vert forenkla slik at ein finn det omtrentlege svaret på ein enkel måte

Addisjon – ein av dei fire rekneartane, motsett rekneart til subtraksjon

Pluss –   rekneteikn i addisjon,   +

Leggje saman – uttrykk for addisjon

Subtraksjon – ein av dei fire rekneartane, motsett rekneart til addisjon

Minus – rekneteikn i subtraksjon,  –

Trekkje frå  – uttrykk for subtraksjon

Tiarar, einarar, tidelar og hundredelar – plassar i plassiffer-systemet vårt

Desimaltal – tal som inneheld delar mindre enn ein heil, det vil sei tidelar, hundredelar osv.

Hovudrekning– rekning utan andre hjelpemiddel enn tankane