» Tal og mål » Negative tal

Negative tal

Læraren går fram til tavla og tallina att. Ho forlengjer den mot venstre, og sett ein strek til venstre for 0.

08
– Kva for tal skal stå her? spør ho.
Alle svarar i kor: -Det er minus ein!
– Og kva betyr det? spør læraren vidare.
– At det er mindre enn null, svarar Andreas
– Dersom eg seier til deg, Lin, at du får minus ei krone av meg, kva betyr det? Læraren ser litt lur ut.
– Det betyr at eg skuldar deg ei krone, svarar Lin kjapt.
– Når brukar vi tal som er mindre enn null, eller negative tall som vi ofte seier? spør læraren.

09
– Eg bruker dei når eg reknar minus, seier Alan.
– Dei er på termometeret, seier Daniel.
– Til dømes – 3°C.