» Presentasjon av data – sortering

Presentasjon av data – sortering

 

– Er det nokon av dykk som har brukt rekneark på datamaskinen? spør læraren.

– Er det det som ser ut som ein stor tabell? spør Lin. Då læreren nikkar held ho fram: – Eg har sett på når mor lagar utrekningar og rekneskap.

– Vi skal bruke rekneark til å presentere dataene våre, seier læraren. – Vi skal bruke to maskiner, så de kan vere tre på kvar maskin og hjelpe kvarandre.

Gutane samlar seg rundt den enie maskinen og jentene rundt den andre. Dei finn raskt fram til reknearket.

– Det stemmer det Lin sa at dette ser ut som ein stor tabell, seier Alan. – Alle radene bortover har eit tal og alle radene nedover har ein bokstav. Då er det alltid lett å sjå kvar vi skal skrive.

– Vi kallar det rader bortover og kolonner nedover, forklarar læraren, – og alle felta har navn etter rad og kolonne, A1, B1, B2, og så vidare. Nå skal eg fortelje dykk kva de skal gjere, og så ser vi kva vi får til.

Læraren gir instruksjonar, og snart er heile tabellen på plass.

– Nå kan reknearket sortere dataene for oss, seier læraren. – Merk tabellen som skal sorterast og vel Sorter og filtrer på verktøylina. Vel Egendefinert sortering, og vel den kolonna som det skal sorterast etter. Til slutt vel du Rekkefølge Minst til størst..

sorter_no

Elevane gjer som læraren sa, og vips! – ser tabellen slik ut:

no_sortert