Areal

 

– Nå kjem vi til matematikken i dette arbeidet, seier læraren. – Det er klart det går an å rekne ut. Sjå her på fargekartet. Her står det at ein liter maling rekk til 12 kvadratmeter. Veit de kva det betyr?

– Eg trur ikkje det betyr at vi kan male ein strek på 12 meter med malingen i boksen, seier Andreas.

– Kvadratmeter, det betyr at det er ei flate. Då må vi måle arealet, trur eg, seier Maria.

Selma reiser seg. – Eg veit kva ein kvadratmeter er, for det viste far meg i går. Sjå her. Nå går eg ein meter bortover golvet. Så snur eg meg ein kvart gong rundt. Eg går ein meter i den nye retningen, og snur meg att, går ein meter og snur meg endå ein gong til. Når eg nå går ein meter til er eg kommen attende der eg starta. Då har eg gått rundt ein kvadratmeter.

– Det er ikkje golvet vi skal male, det er veggene! er Daniel sin kommentar.

– Det blir vel det same om det er golvet eller veggen når vi skal rekne. Begge deler er jo flate, meiner Lin.