» Statistikk og tid

Statistikk og tid

Innleiing

gutt_ipad– Du sa vi skulle starte med eit nytt emne i dag, seier Daniel då det nærmar seg slutten av dagen. – Nå skal vi snart gå heim, og du har ennå ikkje sagt noko om kva det er.

– Det er rett, svarar læraren. – Fint at du hugsa det. Vi skal ta til å arbeide med data. Veit de kva det er?

– Då skal vi vel bruke datamaskinen, jublar Lin. – Det synest eg er gøy.

– Det kan nok hende at vi skal bruke datamaskin, svarar læraren, – men først skal vi lære litt om kva data er. Data er faktiske opplysningar som vi kan samle inn, og bruke på ulike måtar. Ein datamaskin kan vere nyttig når vi skal arbeide med dei data vi samlar inn, men det går og an å arbeide med data utan å bruke datamaskiner.

– Betyr det at dersom eg ftil dømes tel at vi er sju personar her, seks barn og ein vaksen, så har eg samla nokre data? spør Maria.

– Det er rett, svarar læraren og held fram: – Ofte er det ikkje nok å samle inn data. For at vi skal forstå hva dataene kan fortelje oss må vi som regel systematisere dataene, og finne måtar å presentere dei på. Då kan dei fortelje oss og andre noko meir enn når vi berre har samla dei inn.

Til i morgon skal de samle nokre data. De skal få to oppgåver til i morgon. De skal finne ut kor mange dagar det er att til de har bursdag, og de skal måle kor lang tid de brukar heimefrå til skulen i morgon.