» Addisjon og substraksjon » Viktige ord

Viktige ord

ordliste_illustrasjon

Firkant – figur danna av fire rette linestykke

Rektangel – firkant med fire rette vinklar og to og to like sider

Kvadrat – firkant med fire rette vinklar og fire like sider

Parallellogram – firkant med to og to like vinklar og to og to like sider som er parallelle

Parallelle liner – liner som aldri kryssar kvarandre sjølv om dei vert forlenga endelaust

Rette vinklar – vinklar som er 90°

Spisse vinklar – vinklar som er mindre enn 90°

Stumpe vinklar – vinklar som er større enn 90°

Omkrins – lengden av figuren sin ytterkant.

Trekant – figur danna av tre rette linestykker

Rettvinkla trekant – trekant der ein av vinklane er 90°

Likesida trekant – trekant der alle sidene er like lange og alle vinklane er like store, 60°.

Likebeint trekant – trekant der to av sidene er like lange og to av vinklane er like store

Sirkel – figur der avstanden frå sentrum til sirkellina er like stor heile veien rundt

Sirkelline – sirkelen sin ytterkant

Sentrum – sirkelen sitt midtpunkt

Radius – avstanden frå sentrum i ein sirkel til sirkellina.

Diameter – rett line gjennom sentrum i sirkelen mellom to punkt på sirkellina.

Mønster – figurer som gjentek seg regelmessig

Symmetri – figurar er symmetrisk dersom det finst ei rett line, symmetriakse, som viser figuren spegelbilde på kvar side av aksen.

Spegle – å lage ein spegelvendt figur på andre sida av en symmetriaksen.

Forskyve – å lage ein figur lik ein annan på ein annan stad.

Rotere – å dreie heile figuren rundt eit punkt.