» Addisjon og substraksjon » I butikken

I butikken

Når dei kjem inn i butikken lurer Lin på om dei har nok pengar til alt dette.

22Dei blir enige om å prøve å finne det ut ved å lage eit overslag. Selma og Maria går for å finne ut kva kjøtdeig kostar, både i laus vekt og i ferdige pakker. Daniel og Lin skal finne prisen på gjær, kveitemjøl, brus og serviettar, medan Alan og Andreas finn prisen på løk, pizzasaus og ost.

Når alle har funne prisane møtest dei att, og skriv ned prisane på handlelista. Då ser den slik ut:

1 kg kveitemjøl 11,10 kr
1 pk gjær 2,80 kr
300 g kjøtdeig laus vekt 99,90 kr per kg
400 g kjøtdeig pakke 39,90 kr
1 løk 15,50 kr for pakke med 2 løk
1 pk pizzasaus 20,90 kr
1 pk reve ost  26,90 kr
 2   1½ l cola  24,90 kr + pant for kvarflaske
 1 pk serviettar  19,90 kr