» Addisjon og substraksjon » Romartal

Romartal

– Dei talsymbola vi brukar nå, fortel læraren, har ein ikkje alltid brukt overalt i verda. Dei vart tekne  i bruk i Europa for omlag  1000 år sidan, og er nå det systemet som vert brukt over det meste av verda.

– Eg veit om nokre andre tal, seier Daniel.  – Romartal.

– Korleis er romartal? spør læraren då.

Daniel skriv: I, V, X. – Det er ein, fem og ti, seier han.

– Ja, seier Selma. – Og fire og seks vert skrivne som IV og VI. Vi brukar av og til romartal, men det er mest til pynt.

romertall