» Geometri

Geometri

I denne teksten kan du lære om geometriske figurar. Du kan lære kva dei ulike figurane vert kalla, og kva eigenskapar dei har.
Du kan og lære om måtar å flytte figurar på, gjennom spegling, rotasjon og forskyving

0geo

Geometriske figurar  

Det er matematikktime i 5. klasse. Maria, Andreas, Alan, Selma, Lin og Daniel sit rundt eit bord og snakkar med læraren sin.
– I dag, seier læraren, skal vi snakke om geometriske figurar. Kva tenkjer de på når de høyrer omgrepet geometriske figurar?
Fleire av elevane kjem med svar.
– Trekantar, svarer Andreas.
– Firkantarrektanglar og kvadrat er firkantar, svarer Maria.
– Det er noko som heiter parallellogram, meiner Selma.
– Og sirklar, seier Daniel.
– Det er rett. I matematikken er dette navn på ulike figurar. Det finst mange fleire, men det er desse vi skal snakke meir om i dag, seier læraren og finn fram papir og blyant.