Stortinget

Oppgåver

  1. Debattane på Stortinget er opne for alle som vil høyre på. Kvifor trur du at dei er det?
  2. Noreg er eit velferdssamfunn. Det betyr at staten passar på innbyggjarane og betalar for mellom anna skular og sjukehus. Vil du kalle det landet du kjem frå for eit velferdssamfunn?

Ordliste

Stortinget - Parlamentet i Noreg som lagar lovene
Velferdssamfunn - Når staten tek ansvar for at innbyggjarane har det bra
Statsbudsjett - Plan for korleis staten skal bruke pengar det neste året