» Velkommen! » Lærarrettleiing

Lærarrettleiing

Generell rettleiing til læraren om innhaldet i samfunnsfag ZMEKK

 

I ZMEKK er det gjort eit utval av tema frå kvart av hovedområda i samfunnsfag i grunnskolen frå læreplanen til Kunnskapsløftet, Samfunnskunnskap, geografi og historie.

Kapitla er delt inn i fleire små avsnitt der kvart avsnitt har eiga underoverskrift.  Etter fleire avsnitt følgjer det oppgåver om det eleven har lest.

Det kan vere nyttig å bruke tid til å sjå på og samtale om illustrasjonar og bilde saman med elevane for å støtte innlæringa av nye ord og omgrep.

Nye og vanskelege omgrep er utheva i teksten, og desse vert forklart nærare under «viktige ord».

«Visste du …?»  er ei samling av faktasetningar, og dette er eit fast innslag i kvart kapittel.

Når eleven er ferdig med eit kapittel, kan temaet lesast på nytt i læreboka. Eleven kan finne att ord og uttrykk som er gjennomgått her. Slik kan eleven betre klare å følgje med på og meistre fagstoffet i boka.

utvalgteNO